Vokaltrioen, som består av Kari Nergaard Bleivik (frå Trondheim), Cecilie Giskemo (frå Molde) og Maria Jardardottir (frå Nesodden), framfører original musikk skrive og arrangert av gruppas medlemmar med inspirasjon frå norsk folkemusikk, jazz og verdsmusikk. Sida oppstarten i 2002 har gruppa turnert både i Noreg, Finland, UK, Tyskland, USA, Mexico og Zimbabwe. I musikken deira byr Røyst Trio på det skjønne, det humoristiske, det sarte, det fyldige, det nære, det utfordrande og litt attåt.
Røyst Trio vil gjerne med dette presseskrivet informere om turneen, og håpar at dykk kan vidareformidle om turneruta og konsertane til deira lesarar, lyttarar og publikum. Dersom dykk kunne ynskje å gjere ei sak på turneen i førekant eller ei melding av konsertane, så ta gjerne kontakt! Kontakt per telefon kan rettast til Cecilie Giskemo på mobilnummer: 91583952
Vi gler oss stort til denne turneen! Turneoversikta følgjer under, og meir informasjon om Røyst Trio finn dykk her: http://www.roystrio.com
Med beste helsing,
Maria Jardardottir, for Røyst Trio
TURNEOVERSIKT:
27/06: - Lunsjkonsert på Vikomar Fiskefabrikk, Bud, Fræna. Kl. 12:00
- Kveldskonsert på Ona Havstuer, Harøy, Sandøy. Kl. 19:00
28/06: - Minikonsert på Molde Bibliotek. Kl. 13:00
- Intimkonsert i Kapellet i Molde. Kl. 20:00
29/06: - Gardskonsert på Romsdal Lodge, Isfjorden, Rauma. Kl. 18:00
30/06: - Lunsjkonserter på Norsk Klippfiskmuseum, Milnbrygga, Kristiansund. Kl. 12:45 og 15:00
- Kveldskonsert på Norsk Klippfiskmuseum, Milnbrygga, Kristiansund. Kl. 18:00
02/07: - Kveldskonsert på Nils Aas Kunstverksted, Inderøy. Kl. 19:00
03/07: - Kveldskonsert i Fjellhallen i Hasselvika, Rissa. Kl. 19:00
04/07: - Kibneb, lunsjkonsert på Helseheimen i Lensvik. Kl. 14:00
- Kibneb, jubileumskonsert ’Et Jordbæroriatorium’, Lensvik. Kl. 19:00
06/07: - Kveldskonsert på Tautra Klostergård, Frosta. Kl. 17:00
TURNEEN ER STØTTA AV:
Kulturrådet, Norsk Jazzforum og Fond For Utøvende Kunstnere