Sunnmørsringen

Liker du å danse norske folkedansar og har lyst å treffe andre dansarar frå Sunnmøre? Då er Sunnmørsringen noko for deg! Vi har øvingar omlag ein laurdag i månaden hjå nokre av ungdomslaga på Sunnmøre. Då har me flinke og engasjerte instruktørar, dyktig spelmann og triveleg matpause. -Og ikkje minst; kjekke dansarar. Sunnmørsringen ynskjer gamle og nye dansarar velkomne til å delta på øvingane. -Klikk på overskrifta Sunnmørsringen til venstre på sida for meir informasjon og påmelding til øving.


Anna Gjendem instruktør for Sunnmørsringen 12.januar

Årets første øving for Sunnmøresringen er på Volda Samfunnshus laurdag 12.januar kl 11.00-16.00 med Anna Gjendem som instruktør. Anna Liv Skjelten Gjendem (23) er ein ung dansar og musikar godt festa i tradisjon. Ho har særleg fordjupa seg i dans og musikk fra Møre og Romsdal, men gjennom studier ved Manger folkehøgskole, Høgskolen i Telemark og ved NTNU i Trondheim har ho fått god kunnskap omtradisjonar frå resten av landet, teknikk og formidling.
På kurset vil ho ha hovedfokus på: Springar frå Tafjord og hambo frå Ona.Her kan du sjå eit opptak der Anna dansar Hambo frå Ona:https://www.youtube.com/watch?v=PIB0IgsFpXU