SJOKOLADHELG 29. - 30. september 2012
Spanande kurstilbod for unge som har lyst å lære om lokal folkemusikktradisjon!
Møre og Romsdal Folkemusikklag inviterer alle born og unge frå 10 år til å bli betre kjent med lokal folkemusikk og dans laurdag 29. september. Denne dagen tilbyr laget eit breitt utval kurs beregna på både nybegynnerar og dei med meir kjennskap til folkemusikktradisjonen.
Kurset blir halde på Tresfjord skule og fleirbrukshus i Vestnes kommune. Vestnes kommune har slagordet "Midt i Blinken" grunna si sentrale plassering i fylket, noko som også kan vere passande i høve dette kurset. Sjokoladekurset er nemleg "Midt i blinken" for alle som ønskjer å bli betre kjent med lokal folkemusikktradisjon!
Pris per deltakar kr 250,-. Påmeldingsfrist er 15. september 2012.