- ditt ungdomslag i Ålesund!

 Velkomen til heimesida til

ungdomslaget Ivar Aasen i Ålesund!

 Vi tilbyr trivelege aktivitetar for born, ungdom og vaksne innan folkemusikk og folkedans,  samt turar i inn- og utland!


 

norsk_flagg_stang

UL Ivar Aasen ønskjer alle til lukke med dagen og

ei riktig flott 17 mai feiring!

I år er det vår tur å vere flaggborg i 17 mai toget. Med dei vermeldingane som er, kan det bli ei utfordring!

Per Gunnar Beyer har teke på seg å bere fana, og lagsmedlemmer får lov til å gå under den like bak flaggborga. Slutt opp om laget og gå i 17 mai toget saman!

Kl. 19:30 (ikkje kl. 20) blir det 17 mai fest på lagshuset i S.Bullsgate 4 for alle som vil! Spekemat og dans til musikk av Magnar Vikenes. Oppvisning av Futt og Fart m/fleire. Entre kr 200/50.
Picasa

Endeleg kom dei nye trommene den lange vegen frå

Det Fjerne Austen

28. april kom endeleg dei ti slåttetrommene siste etappe frå Pakistan via Bergen (av alle stader) til Ålesund - personleg levert av Ben I. Nordby, trommeslager i Bergen Filharmoniske Orkester, Harmonien.
CD Nordmøre Spelmannslag

Og trur du ikkje det blei kappleik denne helga også?

Kappleik i Surnadal 21.-22. april

Først til Stryn og så til Surnadal! Den skal god kappleiksdeltakar bli som drar på kappleik helg etter helg!

Litt færre var vi. Berre to hytter, ein campingvogn og ein bubil! Men liv i leiren var det. Flott arrangement i den kulturelle storstova på Skei i Surnadal!
Songgruppa i Stryn_500x707_cropped_419x589

16 born og unge deltok

Fylkeskappleik i Stryn 14. april

Fredag den 13. april dro en gjeng små og store frå Ålesund til Stryn for å delta på kappleik. To store hytter var tinga pluss plass til ein bubil.
pressphotos_pressphoto1 (1)_300x200

Energisk musikk fra Shetlandsøyene

Konsert med Aamos

AAMOS er eit splitter nytt band som har blitt til på eit kjøkken i Oslo for å spre den særeigne og energiske fele-tradisjonen frå Shetland gjennom Noreg og vidare!

IMG_1997_cropped_224x394

Påmelding til

Årsfest laurdag 10. mars kl. 20:00 - SISTE FRIST FOR PÅMELDING MÅNDAG 5. MARS

Påmelding til årsfesten på telefon til

Svein Karlsbakk
tlf. 97 08 62 69 eller

Liv Linge
tlf. 97 11 45 75

Pris kr 250 - inkl. ein betre middag med eksklusiv drikke!
17570_254550177889_702182889_3951304_8342131_n

Vi kaller med dette inn til

Årsmøte i UL Ivar Aasen laurdag 10. mars kl. 18:00 i Thon Hotels (Gamle Hotel Noreg)

Innkalling til årsmøte i UL Ivar Aasen

Dato: Laurdag 10. mars kl. 18:00
Stad: THON HOTELS (Gamle Hotel Noreg)

Røysterett har alle over 16 år som har løyst lagskort for siste arbeidsåret og som har vore medlemar minst 3 månader før årsmøtet.
Her va det jaggu mej løye du :)

Triveleg kveld med dansemusikk fra fire orkester

Gladdans på Lagshuset

Søndagkvelden 29.jan arrangerte laget den første av en serie med dansekvelder for alle som har lyst å danse i et godt og ruslfritt miljø.

Vi tar sikte på å få til dans med nogo attåt siste søndagen i måneden fremover.
Annbjør Lien 2

Konsert i Ingebrikt Davik Huset i Brattvåg

Annbjørg Lien lørdag 11. februar

UL Ivar Aasen har fått god rabatt på billetter til denne konserten.

Ordinær pris kr 250 - Vår pris kr 190.

Du bestiller på epost leikny@ulivaraasen.no

Annbjørg er en av våre fremste felespillere. Hun har solid forankring i tradisjonsmusikken, men krysser stadig nye musikalske grenser. Etter å ha samarbeidet med musikere fra mange nasjoner, og latt seg inspirere av andre kulturer, fremstår hun internasjonalt som en sterk formidler av "World Music" like mye som norsk folkemusikk.

Arne M Sølvberg

Arne M. Sølvberg frå Nordfjord kjem til Ålesund og held

Hardingfelekurs helga 27-29 januar

Kurs for vidarekomne på hardingfele og litt for nykommarar!

Vi har leita opp hardingfelemusikk frå området her, og Arne kan fleire slike slåttar som vi får lære på dette kurset.

Deler av kurset passar også for deg som kan spele fiolin og som har lyst til å prøve hardingfela.
Gladans

Til alle danseglade - kom på Gla'dans sundag 29. januar

Hjertelig velkommen til Gla'dans søndag 29. januar 2012

Klokka 19:00 til 22:00 på Laghuset i Sorenskriver Bullsgt. 4

Gratis inngang

Salg av kaffe, kaker, pølser, is og mineralvann Loddsalg

Musikk:

Durdeiene fra Sykkylven - Toradergruppa - Spelmannslaget - Hardingfelelaget

Og så kjem ei musikkgruppe frå Fagerlia vg. skole og spelar nymotens dansemusikk! De kjenner dei kanskje frå Byspelet då dei spelte på Dronning Sonjas Plass.

Gammaldans

Kurs for einkvar smak:

Gammaldanskurs startar måndag 30. januar

Lyst å bli kvitt litt juleflesk? Delta på våre dansekurs og vi garanterer 2 buksestørrelser ned dersom du gjør som vi sier :)

Gammeldanskurs: Vals, reinlender, polka, masurka ...

Lurer du på hva vi meiner med gammeldans? Nei, det er ikkje dans for gamle folk - men gamle dansar for vaksne folk :)

Sjekk denne linken http://no.wikipedia.org/wiki/Gammeldans

Tangokurs

Tangokurs

Vi har med dette gleda av å invitere deg på tangokurs!

Dette er eit kurs i ”norsk drakt” til bruk i vanleg festdans.Den norske forma er ein glad og utadvent dans med stort rom for individuelle ”spesialknep”

Stad: Lagshuset, S.Bullsgt 4

Tid:
Laurdag 11.02.2012 kl 11.00 – 16.00
Søndag 12.02.2012 kl 12.30 – 17.00

Pris: kr 400,- pr stk (inkl. mat)

Instruktørar: Rune Myklebust og Torhild Barmen

Påmelding innan 4. februar til :
Annbjørg Pedersen: epost: annbjorg@ulivaraasen.no Mobil 90 79 97 74
NRK Møre og Romsdal logo

Nrk Møre og Romsdal besøkte

Futt og Fart tysdag 10. januar

Tysdag 10. januar starta vi opp nye kurs i Futt og Fart på lagshuset i Sorenskriver Bullsgate 4. Og jammen dukka ikkje det opp ein reportar frå NRK Møre og Romsdal.

Du kan sjå innslaget som gjekk direktesendt i kveldssendinga i denne linken (spol 13 minutter ut i sendinga)  - Futt og Fart i UL Ivar Aasen

Tre nåla

Vil du vere med, så heng på!

FUTT OG FART - eit musikk og danseprosjekt for born

Vi starter opp på nytt etter julefeiringa tysdag 10. januar kl. 18:00 - 19:15!

Prosjektet Futt og Fart er eit tilbod om opplæring i folkemusikk og folkedans retta mot barn frå 8 år og oppover.
Ole Ivar

No er det endeleg offentleg!

Ålesund Kommune har bevilga 100.000 kroner i tilskot til Futt og Fart!

I går opna vi posten og fann brev frå Ålesund Kommune med stadfesting om at Formannsskapet ved Kulturavdelinga har bevilga 100.000 kroner til Futt og Fart.

Nokon har oppdaga at Futt og Fart er eit unikt prosjekt!

Og det er det - truleg det einaste i sitt slag i heile landet!

IMG_4526

På Lagshuset i Sorenskrivar Bulls gate 4

80 glade barn og vaksne samla til juleavslutning

Tysdag 6. desember hadde Ungdomslaget Ivar Aasen felles juleavslutning for alle aktivitetsgruppene i laget. Mange små og store møtte opp og fekk ein hyggeleg kveld i lag.
Romsdalsmuseets Leikarring

Romsdalsmuseets Leikarring besøker Futt og Fart

Futt og Fart saman med romsdalinger inntar Høgda siste helga i november!

Fredag 25. november kommer et knippe romsdalinger med Timeekspressen for å besøke Futt tog Fart på Høgda, hytta vår på Emblemsfjellet.

Fredag:

17:00 – 18:00 Ankomst Høgda og innkvartering
18:00 – 18:30 Vi presenterer oss med et kort program for hverandre -10-15 minutt hver gruppe
18:30 – 19:30 Hallinginstruksjon
19:30 – 20:30 Kvelds med taco
20:30 Alle får prøve å spille munnharpe (Vi har ca 20 stk.) Sosialt samvær med spilling og dans

Lørdag:

09:00 – 10:00 Frokost
10:00 – 11:00 Munnharpeundervisning
11:00 – 12:00 Halling
12:00 – 13:00 Lunch
13:00 – 14:00 Felles dans – også halling
14:00 – 15:00 Pakking og avslutning
15:25 Bussavgang for moldenserne fra Moa
Fåreribbe

Det årlege julebordet går som vanleg av stabelen i november

Ribbefest på Høgda lørdag 12. november kl. 19:30

Ungdomslaget Ivar Aasen skipar som vanleg til ribbefest for medlemmer og assosierte på Høgda i tida fram mot jul.
Turskilt

Fole Kaule på Høgda 28-30 oktober

Siste helg i oktober blir det Fole Kaule på Høgda!

Då trommer vi sammen heile laget til langhelg på hytta for første gong etter brannen i fjor. Her skal det sjekkast om alt er blitt slik vi håpar:)

Først  blir det mimring for dei som var i Austerrike i august, men dess foruten blir det fleire kjekke aktivitetar med leik og dans heile helga til endes!

Klikk deg vidare for å sjå programmet for helga!

Per Sjuspring

Futt og Fart og juniorgruppa i hardingfelelaget stilte på

Sjokoladekappleik laurdag 22. oktober

I siste liten fekk vi stablet ein flokk som dro til Malmefjorden i Fræna på Sjokoladekappleik.
Ole Ivar

Futt og Fart på

Skolekonsertar 18. oktober 2011

Grytidleg tysdag 18. oktober møtte ein flokk opprømte ungar saman med ymse instruktørar utanfor Emblem skole. Dvs. det var ikkje alle som visste kvar skulen var, av dei vaksne altså! Men innan konserten var slutt, hadde alle funne fram :)
Halling-gutta_1000x667[1]

NB! Ny informasjon om SJOKOLADEKAPPLEIK 22 oktober

Sjokoladekappleik og Leikfest
Lørdag 22. oktober 2011
På Bygdahuset Vonheim i Malmefjorden i Fræna

CIMG0412

Sjekk kor lækkert det e blitt :)

Nye bilder frå Høgda!

Stashytta vår på Emblemsfjellet er no fullt restaurert etter brannen i fjor! Bare sjekk kor flott ho er blitt!

Er du interessert i å leige den, kontakt Svein Karlsbakk på telefon 97 08 62 69.
IMG_2811

Vellukka tur til Stainz!

Femti glade spelemenn og dansarar heim igjen frå Austerrike!

Måndag kveld den 15. august 2011 landa ein gjeng godt utrangla born og vaksne på Vigra etter ein særs vellukka tur til Stainz i Austerrike. Her kjem nokre bilete frå turen.
barnestemne

Hellesylt i hundre

Barnestemne på Hellesylt 2. - 4. september

Hellesylt Ungdomslag feirer 100 års jubileum i år og trår til med barnestemne i god gammal stil! Her blir det leik og dans, spel og gaman, folkemusikk og rock, og ikkje minst, rangling til langt på natt!

Påmeldingsfrist 25. august!
Runde øya

Sett av denne datoen!

Lagstur til Runde 11. september

I år går turen til Runde.

Laget leiger buss, og starter frå rutebilstasjonen i by'n kl 09.00 og frå Moa kl 09.30.
Dobbel skyvedør_500x375

Oppattbygginga av Høgda etter brannen er no i full gong!

Oppattbygginga av Høgda etter brannen er no i full gong. Arbeidet er berekna ferdig til 1. september 2011. Vi reknar med at hytta er klar til utleige frå den datoen.

Bilder frå juni 2011.

Sjå utleigeprisar under bildeserien!

logo-ivaraasen

Vi tar gjerne imot nye medlemmer!

Medlemskontingent 2011

Formålsparagrafen vår seier dette om føremålet med laget:

Laget samlar lands- og byungdom i Ålesund og omland til samvær og arbeid for norsk mål, sed og skikk.