Innkalling til årsmøte i UL Ivar Aasen 

Dato: Laurdag 10. mars kl. 18:00
Stad: THON HOTELS (Gamel Hotel Noreg)

Røysterett har alle over 16 år som har løyst lagskort for siste arbeidsåret og som har vore medlemar minst 3 månader før årsmøtet.

Saker:

  1. Godkjenning av innkalling

  2. Val av ordstyrar

  3. Val av skrivar

  4. Val av 2 medlemmer til underskrift av protokoll

  5. Val av 2 til teljekorps

  6. Årsmeldingar for siste halvår 2011 (Lagsrådet, Lagsstyret, Husstyret, Hyttestyret, Folkedansgruppa, Futt og Fart, Spelemannslaget, Toradergruppa, Hardingfelelaget)

  7. Rekneskap 2. halvår 2011 (Lagsdrifta, Høgda og Futt og Fart), Rekneskap for heile året 2011 Lagshuset

  8. Forslag frå Lagsstyret: 

    •  

       

      Nytt øvingslokale

      Styret har handsama ein plan om å bygge nytt øvingslokale i delar av parkeringskjellaren då det er stort behov for fleire øvingsrom til Futt og Fart på tysdagane. Førebels overslag syner ein kostnad på ca 50.000 kroner i materialer. Sjølve arbeidet må gjerast på dugnad. Vi har fått uformell lovnad frå kommunen om at det vil la seg ordne med byggeløyve. Husstyret vil søkje om byggeløyve og eksterne midler, men det er usikkert om, og eventuelt kor mykje, ein kan få av slik finansiering. 

      Vi forslår denne finansieringsplanen:

      Utbygginga finansierast av den bundne kapitalen. Dersom vi klarer å skaffe eksterne midler, blir desse midla sett inn på kapitalkontoen.



  9. Andre innkomne forslag


    ÅRSMØTEFEST i lagshuset etterpå!


    Forslag kan sendast på epost til leikny.aasen@ulivaraasen.no eller til UL Ivar Aasen, S. Bullsgt. 4, 6002 Ålesund.