Hei alle teaterinteresserte!

1.- 3. april er det instruktørkurs i teater i Oslo. Fristen for å melde seg på er eigentlig i dag, men vi utvidar fristen til neste veke i håp om å få fleir påmelde. Har du sjølv lyst eller kjenner nokon det kan være aktuelt for så ta kontakt og sprei ordet. Det er eit godt kurs med Therese Kinzler Eriksen som lærar.

Info om kurset:
Instruktørkursa i teater skal gje deltakarane eit solid grunnlag for instruktøroppgåva,både teaterfagleg og med omsyn til leiarrolla.

Kurslærar er Therese Kinzler Eriksen. Grunnkompetanse for å starte på opplæringa er eiga teatererfaring som skodespelar eller liknande. Det er ein fordel om du har gått andre teaterkurs før du søkjer på instruktørkurs. Du må ha delteke i og gjerne ha hatt ansvar i fleire teaterproduksjonar.

Therese Kinzler Eriksen har brei erfaring i arbeid med amatørar og profesjonelle, som instruktør, kurslærar og pedagog. Ho har utdanning bådei musikk og teater med fordjuping m.a. i dramaturgi. Ho har turnert som musikar, forteljar og skodespelar påteaterfestivalar, Den kulturelle skulesekken og Rikskonsertane Instruktørkurs i teater er i hovudsak praktiske kurs i instruksjon og regi med noko oppgåveløysing og teori.Instruktørkurs modul 1 (vår) vil fokusere på instruktørrolla. Deltakarane skal øve på å leie og arbeide teaterfagleg med ei teatergruppe, planlegge og gjennomføre øvingar, pedagogikk og eit repertoar av metodar og øvingar for instruksjon og arbeidet med ein produksjon. Instruktørkurs modul 2 (haust) skal gje grunnleggande innsikt i å setje historier på scene. Deltakarane får kunnskap i tekstanalyse og korleis ein nyttar improvisasjon, handling og fysiske metodar for å skape teater, skape nye historiar eller framsyningar.



Beste Helsing

Andreas Løken

Rådgjevar Teater



T: 24 14 11 10 (13) | M: 936 90 564

Postboks 414 sentrum | 0103 OSLO



www.ungdomslag.no