Kurs for ein kvar fot

Fredag 8. juli kan de delta på seminar med koreograf, dansar og pedagog Sigurd Johan Heide som med utgangspunkt i tradisjonsopptak skal lære bort og diskutere saman med deltakarane. På dette kurset vil deltakarane fordjupe seg i eigen og andre sin dansestil. Heide er prosjektleiar forBygda dansar med mastergrad i koreografi ved Kunsthøgskolen i Oslo (KHiO) frå 2010.

På fredag blir det òg kurs for barn i alle aldre som likar å danse. Instruktørane legg vekt på morosamme dansar, pakka inn med stor iver og mykje humør. Kurset er ein flott øving til Barneleikfesten på laurdag. Det tredje fredagskurset på fredag er eit kurs i Linedance; for deg som helst dansar 1900-talsdans.

Sigrid Randers-Pehrson held kurs i folkesongar på laurdag der deltakarane får moglegheita til å lære flotte tonar frå ein av Nord-Noregs fremste musikarar. Randers-Pehrson har brei nasjonal og internasjonal erfaring og har vore på fleire ulike festivalar, mellom anna Førde Internasjonale Folkemusikkfestival.

Når ein først er på plass i Nord-Noreg kan ein vanskeleg reise utan å vere borte i den nordnorske bygdedansen. Sigurd Johan Heide og Anne Berit Heide er instruktørar på kurset i polsar frå Nord-Noreg. På laurdag kan de i tillegg reise på seminaret Frå hobby til levebrød, der de vil få møte to som lever av å danse. Dei fortel om korleis dei har skapt seg ein arbeidsplass og kvar dag kan drive med det dei likar best av alt: Å danse.

Alle kurs er inkludert i festivalpasset.