Som vanleg starta kvelden med kaffi og kaffimat. Kvitost og kvit brunost sto på menyen :)

Ungdomslaget har lang tradisjon for å skrive i lagsavisa "Svall", og Torild Remme fletta saman gode dikt til ettertanke.

Jan Arild Hagen holdt deretter forsamlinga i ande med interessante opplysninger om fyra sin utvikling langs norskekysten. Stor forteljarkunst og med glimtet i auga!

Så vart det dans. Eit salzapar dansa til smektende tonar frå sydlegare breiddegradar. Det såg spennande ut, kanskje fleire som blei interessert! Vi får sjå om det blir plass til fleire på øvinga neste onsdag. Sjå i kalendaren for klokkeslett.

Swinggruppa tok deretter over, og dei fylte opp golvet med glade dansarar i alle aldrar! Og snart var golvet fullt. Musikken sytte Flo's for, og jammen blei det litt gammaldans innimellom også! Det blir nok ikkje så tette skott mellom dansegruppene i framtida! Kanskje finn salza- og swingfolka vegen til gammaldanskurset på mandagar, og vise versa; folkedansarane stikk kanskje innom salza- og swinggruppene på onsdagar.