Nytt kurs startar tysdag 10. januar - Påmeldingsskjema finn du nederst på denne sida!
Marknadsføring
Då vi starta i januar 2010, sto 75 namn på lista etter ei veke med marknadsføring i aviser, radio, lokal-TV og med flyare utlevert på alle barneskulane i Ålesund kommune og plakatar på oppslagstavler over heile byen. På dagen for oppstart sto det kø av barn ut på gata utanfor lagshuset!
Fargefeler
Vi hadde først kjøpt inn 10 fiolinar i 10 ulike farger og 10 munnharper. Men dette monna ikkje stort. Difor kjøpte vi inn 10 fiolinar og 20 munnharper i tillegg, og alle instrumenta var i bruk i den første prosjektperioden som gjekk frå januar fram til påske.
Framleis er det stor rift om dei flotte fargefelene, sjølv om det sjølvsagt er ein del utskifting av elever. Song og munnharpespel haom å r betre kapasitet.
Dans er viktig for rytmekjensla
Alle deltakarane får tilbod lære å danse folkedans og halling. Dette gjer at dei får ei god rytmekjensle når dei skal spele og synge.
Hyttetur
Deltakarane har vore på ei hyttetur med overnatting på lagshytta Høgda på Emblemsfjellet. Dette var eit veldig populært og vellukka tiltak, og deltakarane blei godt kjende med kvarandre denne helga.
No er hytta nyrestaurert og vi har sett av ei helg i november til å samlast på Høgda!
Profilering
Ca 60 born gjennomførte første prosjektperiode. Alle deltakarane fekk T-skjorter med logoen til Futt og Fart, samt DVD med TV-opptaka som blei synt på NRK lokal-TV og på TVSunnmøre.
Prosjektet er så langt ein formidabel suksess som er blitt lagt godt merke til både i byen, men også på riksplan. Dei tre TV-innslaga blei også sendt på landsdekkande sendingar.
Hyggeleg øvingslokale
På øvingane blir det servert kaffi, te, saft og frukt til store og små. I den store salen er det god plass til foreldre og andre vaksne som ventar og har ein hyggleg passiar mens ungane boltrar seg med musikk og dans.
Påmelding til Leikny på tlf. 909 58 013 eller
FYLL UT OG SEND INN PÅMELDINGSSKJEMA NEDENFOR!