Mens hallingkurset var retta mot Futt og Fart-gjengen og dei aller yngste, var hardingfelekurset retta mot juniorgruppa og dei vaksne. Og kurset blei ei flott inspirasjon for alle parter.

Juniorane holdt stand heile laurdagen og lærte mange nye slåttar. Heldigvis deltok fleire av dei vaksne også på denne avdelinga, slik at det skal gå greit å få til slåttane også i ettertid.

Fredagskvelden, laurdag ettermiddag og sundag var det dei vaksne sin tur. Sidan vi kjende Magne godt frå kappleiksmiljøet, hadde vi sikta oss inn på nokre flotte slåttar frå Osterøy'na.

Vi starta med ein reinlender som vi kjende frå cd-plata som Osterøy Spel- og dansarlag gav ut for nokre år sidan. Den har nokre effektfulle harmoniseringar, særleg når vi også fekk med oss den innvikla andrestemma. Ellers fekk vi både rull og springar, også springaren med to stemmer.

Sidan lagshuset i Sorenskriver Bullsgate var fullt oppteke med andre aktivitetar denne helga, måtte vi nytte kulturskulen fredag og laurdag. Men sundag fekk vi vere i salen på lagshuset. Og der vanka det både middag og dessert med kaffi frå Janne og Arne som dreiv og rydda etter festen kvelden før.

Sundag ettermiddag køyrde vi Magne til flyplassen etter at han først hadde lova at han ville bli med på turen til Østerrike. Grepa lærar, må vi vel sei!