Mokurset har opp gjennom åra hatt ei rekkje kurstilbod innan song, spel og dans, og desse er tilpassa den aktuelle målgruppa med omsyn til innhald og organiseirng.
Vi ser Mokurset som ein viktig opplærings- og formidlingsarena i arbeidet med å ta vare på og vidareformidle folkemusikken og -dansen, og som eit viktig supplement til den faste opplæringa og formidlingsverksemda som skjer i kulturskular og i frivillige lag og organisasjonar gjennom året.
I 2011 har Mokurset følgjande tilbod:
- Kurs i folkesong, hardingfele, fele, trekkspel, toradar og folkemusikkgitar (for born, unge og vaksne på ulike nivå)
- Kurs i folkeleg dans, fordjuping (for vidarekomne)
- Masterclass på hardingfele (for vidarekomne) - i samarb. m/Førdefestivalen
Meir info om Mokurset finn de i vedlagd faldar og på www.mokurset.no
Påmelding på www.mokurset.no innan 20. mai.
Vi set pris på om de vil spreie denne informasjonen til dykkar medlemmer og andre interesserte.
Ta gjerne kontakt med oss på post@folkemusikklaget.no dersom de har spørsmål eller ønskjer å få tilsendt trykte faldarar.
Beste helsing
Synnøve S. Bjørset
-prosjektleiar Mokurset-
Sogn og Fjordane Folkemusikklag
Mokurset 2011, 10.15. juli