INVITASJON TIL FOLKEDANSFESTIVAL - STAINZ I ØSTERRIKE 8. - 15. august
Ungdomslaget er som kjent invitert til Volkstanzgruppe Stainz i tida mandag 8. august til mandag 15. august. Nemnda som har vore i arbeid dei siste vekene har no motteke tilbod på flyreise tur/retur Vigra – Wien. Ut ifrå pris og antall kg bagasje som kan takas med har vi valgt Norwegian som hadde det beste tilbodet.
Fly tur/retur med mellomlanding i Oslo koster kr. 3.195,- per person. Det er ikkje redusert pris for born på gruppereiser. Kvar person kan ha med 2 kolli à 20 kg i tillegg til vanleg handbagasje. Større instrument må sendast som spesialbagasje. Ungdomslaget dekker utgifter til instrument som ikkje kan takast med inn på flyet og annan felles bagasje vi må ha med. Vi får detaljert informasjon om dette om kort tid.
I Wien vert vi henta med buss og køyrd til Stainz. Busstransport fra og til Wien samt transport i og rundt Stainz vert dekka av laget.
Overnatting vert hjå familiar i gruppa, men vi har avtala at dei som ønsker kan bo på klasserom på skulen i Stainz. Alle utgifter til overnatting og mat blir dekka av vertane.
Om det vert stor påmelding må vi prioritere musikarar, dansarar, instruktørar og dei som har offisielle oppgåver. Alle som deltek på turen må pårekne å få tildelt oppgaver, og dette vert på førehand avtala med den einskilde.
Påmelding til:
Janne Kvamme (99 15 05 45)
Aud Karlsbakk (90 82 98 62) eller
Jan Ove Bakke (90 77 94 65)